Driftsoperatør

Per Andre Strand

📍 Bergen, Vestland, Norway

Full-time Plant, Facility & Center Management Posted March 01, 2026

Job Description

Eigedomsavdelingaer Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling somdriftsoperatørved Amalie Skram vidaregåande skule. Skulen ligg sentralt plassert midt i Bergen sentrum og har om lag 1 200 elevar, med eit aktivt og inkluderande skulemiljø. Skulebygget omfatter om lag 17 000 kvadratmeter og er tilknytt både fjernvarme og fjernkjøling.
Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett, vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Administrasjonssp...