Injeksjonssjukepleiar

Helse Førde HF

📍 førde, førde, Norway

Full-time Other-General Posted May 29, 2026

Job Description

DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er loklisert i både Førde og Florø.
Stillinga er knytta til injeksjonspoliklinikken ved DPS dag og held til i Dagabygget.
Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde der vi har 4 sengepostar med samla 41 sengeplassar og poliklinikk. Vi er samlokalisert med Førde BUP.
- DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag jobbar og med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar med psykoselidingar. Ein ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemde fel...