Lærarstillingar

Bergen Kommune

📍 bergen, bergen, Norway

Full-time Other-General Posted June 22, 2026

Job Description

Om stillingen
På Garnes skule har vi ledig eit vikariat for kontaktlærar på 7. trinn dette skuleåret. Vi har og eit vikariat til på mellomsteget i ca 80% stilling.
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med ca 320 elevar skuleåret 2024/25. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Vi har både båt og kano i skulen si eige. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.
Skulen er Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der dei fleste elevane har bokmål som sitt hovudmål.
På Garnes skule jobbar vi for å utv...